HjemOm kommunenSend sikker elektronisk post

Send sikker elektronisk post

eDialog - sikker sending av dokument inn til kommunen

Vi oppmodar både privatpersonar og verksemder til å nytte eDialog for å sende dokument til oss på ein trygg måte.

Korleis logge inn i eDialog

Korleis fylle ut skjemaet
  • Vel om du er privatperson/innbyggjar (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer)
  • Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne)
  • Tittel: Kva dokument du sender, og gjerne saksnummer om du har det
  • Kommentar: Gje evt. ei utfyllande skildring av sendinga di
  • Hugs å laste opp relevante vedlegg som (inntil vidare) må være i PDF-format
  • Klikk på "Send forsendelse" – sendinga vert kryptert og sendast direkte til kommunens sak/arkivsystem
  • Du får kvittering med referansenummer på e-post (frå svarut.ks)
Korleis kan du gjere om eit dokument til PDF-format

For Word-dokument vel du "Lagre som" og deretter filtype PDF.
LibreOffice og OpenOffice har eigen knapp på verktøylinja som heter "Eksporter til PDF".

Du skal ikkje bruke eDialog viss

Kommunen har elektroniske skjema, til dømes "søknad om barnehageplass", "søknad på stilling", med meir.

Du treng ikkje bruke eDialog dersom meldinga di ikkje inneheld sensitive opplysningar. Då kan sende e-post til post@alver.kommune.no.


Sist oppdatert: 23.10.2023
Publisert: 23.03.2022