HeimFlyktning i AlverEr du flyktning?

Er du flyktning?

Slik kan du registrere deg
  • Ta kontakt med lokalt politi
  • Ring flyktningetenesta i Alver på 45 83 29 26. Vi svarar på telefonen i vekedagane mandag til fredag frå klokka 10.00 til 14.00. Telefonen har vanleg opningstid onsdag, torsdag og fredag i påskeveka også.
Bur du heime hos nokon?

Trykk her for å lese IMDI sin informasjon til flyktningar som bur privat.

Har du leigd privat bustad?

Trykk her for å lese IMDI sin informasjon til flyktningar som finn bustad på eiga hand.

Treng du hjelp til å finne ein stad å bu?

Du vil få tilbod om bustad når du har registrert deg og får opphaldsløyve.

Treng du klede og møblar?

Du kan hente gratis klede og utstyr på lager i Kvernhusmyrane 8 i Knarvik.

Lageret er ope på onsdagar frå klokka 11 til 15 frå 22. juni til 10. august.

Har du spørsmål om ordninga?

Helsehjelp til flyktningar

Alver migrahelseteam tilbyr helsetenester til flyktningar. 

Alle flyktningar får tilbod om helsekartlegging, slik at dei som treng oppfølging kan få det. Dette er ein frivillig samtale der me ønskjer å få oversikt over blant anna den enkelte sin situasjon, helse og vaksinestatus. Oppfølging kan vere samtale med lege, psykolog, psykiatrisk sjukepleiar i kommunen, og vaksinering. Migrasjonshelseteamet kan og vise vidare til spesialsithelsetenesta og til tannhelsetenesta.

Flyktningar som ikkje har fastlege, kan ta kontakt med migrasjonshelseteamet (56 37 59 19) dersom dei treng ein konsultasjon hos allmennlege. Migrasjonshelseteamet bestiller legekonsultasjon med lege etter nærare avtale. Legevakta skal nyttast dersom det er naudsynt med øyeblikkeleg helsehjelp (telefonnummer (116 117). Ring 113 ved livstruande skade eller sjukdom

Migrahelseteamet er eit fleirfagleg flyktningehelseteam der også spesialisthelsetenesta kan inngå. 

Kontaktperson:

 


Sist oppdatert: 27.06.2022
Publisert: 14.03.2022