Barnehagane våre
Zoom deg inn på kartet for tydelegare kartutsnitt og namn på barnehage
Kommunale barnehagar
Austebygd barnehage
Om barnehagen:
Austebygd barnehage ligg på Sletta på Radøy. Me har utvida avdeling for barn i alderen 1 – 6 år. Barnehagen er organisert som ei avdeling, men barna vert delt i grupper store delar av dagen og me gjennomfører aldersretta aktivitetar og leik.
Slik jobbar vi:
Trykk her for å sjå kommunedelplan oppvekst
Pedagogisk syn:
- alle skal kjenne seg sett og høyrt i kvardagen
- tilretteleggje for gode opplevingar i eit trygt og inkluderande fellesskap
- eit læringsmiljø prega av engasjement og kvalitet
- fokus på at kvar enkelt skal oppleve meistring – fagleg og sosialt
- vektleggje dialog og samarbeid på alle plan
Vi kan tilby ein trygg og roleg kvardag i eit aktivt og variert miljø. Vi er heldige som har naturen rundt oss på alle kantar, og bruker nærområdet mykje i tema både inne og ute. Vi utforskar og undrar oss over smått og stort. Kvardagen og nærområdet gjer eit godt utgangspunkt for arbeid med språk og vårt fokus på eit trygt og inkluderande læringsmiljø (IBS), som er to av satsingsområda våre.
DUÅ- (dei utrulege åra) programmet styrkar personalet sin kompetanse i gruppeleiing inklusive ulike proaktive læringstilnærmingar og strategiar. Både IBS og DUÅ er mellom anna med på å førebygge negativt samspel, samt handtering og avdekking av mobbing.
Dinoskulen er eit skuleførebuande program som styrkjer den emosjonelle og sosiale utviklinga til barna. Det styrker også sjølvbiletet og opplevinga av meistring.
Vi har og eit nært samarbeid med Austebygd skule som er ein del av kvardagen vår. Dette sikrar gode og trygge overgangar til skulen.
Nøkkelinformasjon:
- Opningstida er 07.00 - 16.30
Kontaktinformasjon administrasjonen:
- Karoline Brandsæter: karoline.holta.brandseter@alver.kommune.no
Tlf. 46 28 10 22 - Postadresse: Postboks 4, 5918 Frekhaug
Besøksadresse: Slettevegen 872
Kontaktinformasjon til barnehagen:
Tlf: 40 80 76 20
Årsplan og vedtekter:
- Trykk her for årsplan 2023-2024
- Trykk her for vedtekter
Bilde frå barnehagen vår:
Bø barnehage
Om barnehagen:
Bø barnehage ligg i Bøvågen og held til i eit nytt, stort og flott barnehagebygg. Bygget var ferdig i slutten av 2020, og barna hadde sin første barnehagedag her i byrjinga av januar 2021. Hordabø skule er barnehagen sin næraste nabo, som vi samarbeider tett saman med. Elles har barnehagen gangavstand til nærbutikken, næringsområdet, kyrkja, samt fine turområder.
Slik jobbar vi:
Trykk her for å sjå kommunedelplan for oppvekst
Personalet i barnehagen har hatt opplæring i samspelmetoden De utrolige årene. De utrolige årene-programmet har ein eige Dino-skule. Nokre av personalet på Bøgjerdet fekk kurs våre 23, og me starta med Dinoskule frå nytt barnehageår -24. Vi har valgt at det er førskulebarna som får vere med på dette. Dinoskulen skal bidra til å styrke barna sine sosiale og emosjonelle ferdigheter, styrke barns sjølvbilde, og gje barna oppleving av eigenverdi og meistring.
Nøkkelinformasjon:
- Opningstid: kl 07.00-17.00
- Mattilbod: Barnehagen serverer lønsj og fruktmåltid kvar dag,og vi føl anbefalingar frå Helsedrektoratet for mat og måltid i barnehagen. Omlag ein gong i veka har vi varmmat.
Kontaktinformasjon administrasjonen:
- Gro Håland
Styrar
Telefon: 95 22 90 13
E-post: gro.haland@alver.kommune.no - Postadresse Postboks 4, 5918 Frekhaug
Besøksadresse: Nordbøvegen 67, 5937 Bøvågen
Kontaktinformasjon avdelingane våre:
- Bøgjerdet, telefon: 40 80 76 24
- Liberget, telefon: 40 80 76 23
- Seljehaugen, telefon: 40 80 76 27
- Varhaugen, telefon: 40 80 76 26
Årsplan og vedtekter:
Bilde frå barnehagen vår:
Juvikstølen barnehage
Om barnehagen:
Juvikstølen barnehage ligg sentralt plassert på Juvikstølen i Knarvik. Den vart bygd i 2008 med 6 avdelingar; 3 store og 3 små. Barnehagen er omkransa av flotte turområde, Brekkeløypa og idrettsparken.
Slik jobbar vi:
Vi legg spesielt vekt på å styrke den emosjonelle og sosiale kompetansen til barnet, og jobbar for å fremme positivt samspel mellom barna, og mellom barn og vaksne.
Det skjer mykje i løpet av ein vanleg dag i Juvikstølen barnehage!
Vi har samlingsstund med fortelling, dramatisering og mykje sang og musikk. Barna blir ofte delt inn i mindre grupper der dei held på med leik, forming og andre aktivitetar.
I løpet av dagen er det også uteaktivitetar. Innanfor gjerdet har vi både godt opparbeidde leikeområde og urørte naturområde som vi brukar. Eit stykke frå barnehagen har vi sett opp ei grillhytte, og dei store avdelingane legg gjerne turdagar dit.
Vi har faste tradisjonar som Juvikstølenmila rundt Brekkeløypa, og julegrantenning der også foreldra får vere med. Fleire gonger i året samlar vi barna til felles opplevingar som karneval, påskesamling og nissefest.
Satsingsområde:
Dei Utrulege Åra (DUÅ):
Alver kommune har eit stort fokus på vaksenrolla i barnehagen, og å styrke barna sin sosiale kompetanse. I dette arbeidet brukar vi Dei Utrulege Åra som verktøy. DUÅ har fokus på å styrke barn sin emosjonelle og sosiale kompetanse.
Førskulebarna i Juvikstølen har eit eige opplegg – Dinosaurskulen.
Språkleg kompetanse:
Alle barn skal få god språkstimulering gjennom barnehagekvardagen, og få delta i aktivitetar som fremmer kommunikasjon og ei heilskapleg språkutvikling. Mellom anna brukar vi coaching og element frå Dialogisk lesing, der ein jobbar i mindre grupper for å utvikle eit godt og variert ordforråd og god språkforståing.
trykk her for å sjå kommunedelplan for oppvekst
Nøkkelinformasjon:
- Opningstid: 07.00 til 17.00
- Kommunal barnehage
Kontaktinformasjon til avdelingane våre:
- Filosofen for 3-6-åringar
Telefonnummer til avdelinga: 48 89 18 81 - Kunstnaren for 3-6-åringar
Telefonnummer til avdelinga: 48 89 18 80 - Utforskaren for 3-6-åringar
Telefonnummer til avdelinga: 94 53 80 73 - Fabelen for 1-3-åringar
Telefonnummer til avdelinga: 48 89 18 78 - Draumelandet for 1-3-åringar
Telefonnummer til avdelinga: 48 89 18 76 - Stjernehimmelen for 1-3-åringar
Telefonnummer til avdelinga: 48 89 18 75
Kontaktinformasjon til administrasjonen:
- Styrar Christine Teigland
E-post: christine.helgesen.teigland@alver.kommune.no
Telefon: 56 37 51 64 eller 93 07 09 83 - Assisterande styrar Mari Myrene Bleikli
E-post: mari.myrene.bleikli@alver.kommune.no
Telefon: 56 37 53 94 eller 98 65 79 76 - Besøksadresse: Lonsvegen 140, 5916 Isdalstø
Postadresse: Postboks 4, 5918 Isdalstø
Foreldreundersøking:
Trykk her for å laste ned svar på foreldreundersøkinga i desember 2021.
Årsplan og vedtekter:
Trykk her for å laste ned årsplan
Trykk her for å laste ned vedtektene til dei kommunale barnehagane våre.
Råd og utval:
Trykk her for å lese om Foreldreutvalget for barnehager (FUB), det nasjonale utvalet for barnehager.
Bilde frå barnehagen vår:
Lindås barnehage
Om barnehagen:
Lindås barnehage ligg sentralt på Lindås, med gangavstand til idrettshall, fotballbaner, bibliotek, skulen og flotte turområder. Sommaren 2021 flytta vi inn i ny, fin barnehage, som med si utforming og innhald støttar barnehagen i å nå sine mål; tryggleik, trivsel, læring og meistring for alle. Vi er ein avdelingsbarnehage med sju avdelingar, der fem er i bruk i dag. Barnehagen har eit spesielt fokus på leik, samspel, språk og lesing. Vi ynskjer å fremje positivt samspel mellom borna og mellom born og vaksne.
Slik jobbar vi:
Trykk her for å sjå Kommunedelplan for oppvekst
Barnehagen er inndelt i soner, slik at leike- og opphaldsarealet skal væra oversiktleg for borna, både inne og ute.
Borna har tilhøyrsle på kvar sin avdeling med tilhøyrande grupperom. Vi har også nokre spesialrom, og desse saman med avdelingsarealet, ivaretek borna sine behov og interesser. Vi har motorikkrom både på småbarn og på stor avdeling. Dei inneheld leikemøblar som innbyr til fysisk aktivitet, med blant anna seglebane og matter på småbarn, og klatrevegg, tjukkas, bukk og balansebenkar på stor avdeling. I ateliera, eit på småbarn og eit på storbarn, har vi tilgjengeleg formingsmateriell og naturmaterialar, som borna kan nytta på eiga hand og saman med vaksne.
Barnehagen har store, fine uteområde, som både inneheld både opparbeida leikeplass og naturleikeplass med skogbunn, gras og trær. Barnehagen nyttar også turområder i nærmiljøet og her heldige som har Den Trondhjemske Postveg som næraste nabo. Vi har skog og mark, fjell og sjø i gangavstand. Nærleiken til barneskulen gjer at overgangen frå barnehage til skule gjerne opplevast som tryggare, ettersom borna er kjende i miljøet.
Alver kommune har eit stort fokus på vaksenrolla i barnehagen, fremje inkludering, og å styrke barna sin sosiale- og emosjonelle kompetanse. I dette arbeidet brukar vi Dei Utrulege Åra(DUÅ) som verktøy, med ei ekstra satsing på dette i året før borna startar skulen- skulestartarane går på Dinosaurskulen.
Frå borna startar i barnehagen jobbar vi mykje med relasjonsbygging, venneferdigheiter og problemløysing. Trygge born med tru på seg sjølv om omverda er det viktigaste vi ynskjer at borna skal ta med seg frå åra i barnehagen.
Alver kommune har også ei satsing på språk og lesing i sine barnehagar. Barn lærer språk best gjennom å væra språkleg aktive. Personalet i barnehagen har ansvar for å invitere alle born med i spåklege aktivitetar, og tilpasse aktivitetane til borna sine initiativ, interesser og utviklingsnivå(UDIR). I Lindås barnehage nyttar vi leik, coaching(DUÅ) og dialogisk lesing og TRAS som verktøy i dette arbeidet.
Nøkkelinformasjon:
- Opningstid: 06.45 til 16.45
- Kommunal barnehage
- Avdelingsbarnehage med sju avdelingar, der fem er tatt i bruk.
Kontaktinformasjon administrasjonen:
- Styrar: Hanne Haukås Solen
Telefon: 56 37 53 99/48 10 55 17
E-post: hanne.haukas.solen@alver.kommune.no - Styrar: Nina Iren Myster
Telefon: 56 37 53 99
E-post: nina.iren.myster@alver.kommune.no - Postadresse: Postboks 4, 5918 Frekhaug
Besøksdresse: Fjellangersvingane 350, 5955 Lindås
Kontaktinformasjon til avdelingane våre:
- Stjernehimmelen, barn 2-3 år
Telefonnummer til avdelinga: 45 37 54 81 - Nordlyset, barn 1-2 år
Telefonnummer til avdelinga: 40 91 26 81 - Solstrålen, barn 1-3 år
Telefonnummer til avdelinga: 41 43 12 79 - Iskrystallen, barn 2-3 år
Telefonnummer til avdelinga: 47 46 28 78 - Regndropen, barn 4-6 år
Telefonnummer til avdelinga: 40 91 26 80
Årsplan og vedtekter:
Trykk her for å laste ned årsplanen 2023-2024
Trykk her for å laste ned vedtektene for dei kommunale barnehagane våre
Råd og utval:
Trykk her for å lese om Foreldreutvalget for barnehager (FUB), det nasjonale utvalet for barnehager.
Sjå bilde frå barnehagen vår:
Marihøna barnehage
Om barnehagen:
Marihøna barnehage ligg plassert sentralt ved Frekhaug senter, med bibliotek, naturområde og sjø i gangavstand til barnehagen. Vi ligg og i same nærmiljø som sjukeheim og ungdomsskule som vi samarbeida godt med.
Barnehagen har to avdeling, ein småbarnsavdeling med plass til 12 barn og ein storbarnsavdeling med plass til 21 barn.
Slik jobbar vi:
Alle barn skal bli sett og høyrd:
Vi møter kvart barn på ein anerkjennande måte ved for å skapa tryggleik og trivsel. Alle barn må få oppleve kjensla av å vere verdifull, ha tru på seg sjølv og eigne evner og å høyre til i fellesskapet på avdelinga. Alle barn skal bli sett og høyrd for den dei er.
Vi prioriterer leiken:
Leiken er viktig for å skapa vennskap og for å delta i fellesskapet. Kvar dag skal den frie leiken få tid og rom til å blomstre i vår barnehage. Dei vaksne skal vere deltakande i leiken som støtte og ved å rettleie, setje ord på og forklare, slik at alle barn får ta del i leiken, både inne og ute, og oppleve meistring i den.
Språkarbeid:
Marihøna barnehage er ein fleirspråkleg barnehage som vil å ha stort fokus på at alle skal få utvikle sitt språk. Vi ønskjer å bruke teiknstøtte (Tegn til tale) for å støtte opp om alle barnas verbalsspråklege utvikling. Det er viktig for barna å kunne kommunisere med andre for å kjenne at dei høyrer til og at dei kan medverke.
Nøkkelinformasjon:
- Opningstid kl.7 - 17
- Barnehagen serverer lunsj og fruktmåltid kvar dag.
- Ein dag i veka er det varm lunsj laga av matgruppa og ein dag serverer vi havregraut. Dei barna som treng frukost tar den med heimanfrå.
Kontaktinformasjon administrasjonen:
- Kristin Olaussen Bredholt
Styrar
Telefon: 56 17 13 81/ 90 76 26 05
E-post: kristin.olaussen.bredholt@alver.kommune.no - Postadresse: Postboks 4, 5918 Frekhaug
Besøksadresse: Havnevegen 47, 5918 Frekhaug
Kontaktinformasjon avdelingane våre:
- Gul avdeling, 0-3 år. Tlf: 40 92 11 31
- Rød avdeling, 3-6 år. Tlf: 40 92 11 30
Årsplan og vedtekter:
Trykk her for å sjå vår årsplan
Trykk her for vår plan for inkluderande barnehagemiljø
Sjå bilde frå barnehagen vår:
Sæbø barnehage
Om barnehagen:
Sæbø barnehage ligg i Austmarka like ved sida av Sæbø skule.
Vi har gode fasilitetar både innandørs og på uteområdet. I tillegg er det kort veg til turområder og friluftsområde ved sjøen.
Opningstida til barnehagen er i utgangspunktet 7-17.
Vi har i dag plass til omlag 50 barn fordelt på 2 utvida avdelingar med 24 plassar og ein avdeling med plass til 9/18 barn.
Kor mange barn vi har på kvar avdeling heng samen med alderen på barna. Barn under 3 år tel for to plassar.
I dag har vi ei småbarnsavdeling som heiter Fanten, ei mellomavdeling som heiter Raffen og ei avdeling for dei største borna som heiter Flode.
Ved tilnærma fulle avdelingar er grunnbemanninga 1 pedagogisk leiar, 1 barnehagelærar og 2 fagarbeidarar/assistentar på dei utvida avdelingane og 1 pedagogisk leiar og 2 fagarbeidarar/assistentar på avdelinga med 9/18 plassar.
Slik jobbar vi:
Trykk her for å sjå Kommunedelplan for oppvekst
Vi jobbar etter prinsippene i DUÅ eller “De utrolige årene”.
Trykk her for å lese meir om det De Utrolige Årene (DUÅ) - De Utrolige Årene (DUÅ) (uit.no)
Vi driv dinosaurskulen med førskulegruppa.
Dei kommunale barnehagane har felles satsingsområder. Desse er trygt og godt barnehagemiljø og språk.
Kontaktinformasjon administrasjonen:
- Styrar: Tony Vetaas
E-post: tony.vetaas@alver.kommune.no
Telefon: 46 29 95 56/47 60 24 24 - Postadresse: Postboks 4, 5918 Frekhaug
Besøksadresse: Søre Austmarka 2, 5938 Sæbøvågen
Kontaktinformasjon avdelingane :
- Telefon til barnehagen: 47 60 24 24
- Avdeling Flode - telefon: 40 80 76 29
- Avdeling Raffen - telefon: 40 80 76 28
- Avdeling Fanten - telefon: 40 80 76 30
Årsplan og vedtekter:
Trykk her for å laste ned årsplan for Sæbø barnehage.
Sjå bilde frå barnehagen vår:
Prestmarka barnehage
Om barnehagen:
Prestmarka barnehage ligg sentralt på Manger fordelt på to bygg – hovudbygg bak Coop og Solhall ved sida av legekontoret. Barnehagen har gangavstand til idrettshall, symjehall, fotballbaner, bibliotek og flotte turområde.
Barnehagen har 10 avdelingar (5 på kvart bygg).
I hovudbygg: Småstova raud , Småstova blå og Kjellarstova for born 1- 3 år - Nordastova og Sørastova for barn i alderen 3-4 år.
Solhallbygget: Øynæ for born i alderen 1- 3 år, Solend for 3-4 år og Solhall A og B er førskulegrupper. Avdelingane samarbeider på morgonen og ettermiddagen, slik at born og vaksne vert godt kjende med kvarandre.
Begge bygga har fine uteområde. Avdelingane nyttar også turområder i nærmiljøet. Trygge, bilfrie gangvegar med tilknyting til skog og mark. Sjø og fjell er også i gangavstand. Vi prøver at alle avdelingane har minst ein turdag i veka. Turane er tilpassa bornas alder og modning og skal gje tid og rom til det borna er opptatt av; vatn som sildrar, eit rart tre, ein traktor, å samle, sortere, samanlikna og så vidare. Vi går og på besøk til kvarandre på tvers av bygga. Det er kjekt å komme på ein anna leikeplass av og til.
Slik jobbar vi:
Trykk her for å sjå Kommunedelplan for oppvekst
Barnehagen har eit spesielt fokus på sosial- og emosjonell kompetanse. Vi ynskjer å fremje positivt samspel og relasjonar mellom barna og mellom barn og vaksne. Dei tilsette har god kompetanse på "Dei utrulege åra" og nyttar dette i det daglege arbeidet. Vi er og i gang med Dinoskulen i dei to eldste barnegruppene.
Barnehagen har tilgang til Radøyhallen 1 time per dag, slik at alle avdelingane har avsett tid der. I tillegg får førskuleborna tilbod om vanntilvenning i terapibassenget.
Vi har og eit godt samarbeid med Manger barneskule der dei fleste av førskuleborna våre skal starte på skulen. Det er gangavstand frå barnehagen til skulen
Nøkkelinformasjon:
- Opingstid er 07.00 - 17.00 - pr i dag til 16.30
- Mattilbod : Barnehagen serverer lønsj og fruktmåltid kvar dag,og me føl anbefalingar frå Helsedrektoratet for mat og måltid i barnehagen. Omlag ein gong i veka har me varmmat. Varierer litt på dei ulike avdelingane.
Kontaktinformasjon til administrasjonen:
- Styrar Rita V. Amundsen
rita.v.amundsen@alver.kommune.no
Telefon: 56 34 90 66/92 83 70 73 - Styrarassistent Kristin Smith
kristin.smith@alver.kommune.no
Telefon: 56 34 90 66/95 99 21 72 - Postadresse: Postboks 4, 5918 Frekhaug
Besøksadresse: Solhall - Radøyvegen 1625 5936 Manger
Hovudbygg - Radøyvegen 1676 5936 Manger
Kontaktinformasjon til avdelingane våre:
Prestmarka barnehage har 10 avdelingar (5 på kvart bygg). I hovudbygg : Småstova raud , Småstova blå og Kjellarstova for born 1- 3 år - Nordastova og Sørastova for barn i aldern 3-4 år. Solhallbygget : Småbarn 1 og 2 for born i alderen 1- 3 år , Solstrålen for 3-4 år og Solhall A og B er førskulegrupper. Avdelingane samarbeider på morgonen og ettermiddagen, slik at born og vaksne vert godt kjende med kvarandre.
Solhall Bygg:
- Solhall A og B, førskulegruppe: 40 80 76 31 /96 63 44 46
- Solend 3-5 år: 40 80 76 38
- Øynæ: 40 80 76 32
Hovudbygg:
- Småbarn raud: 40 80 76 33
- Småbarn blå: 40 80 76 34
- Sør 3-5 år: 40 80 76 35
- Småbarn kjellar : 40 80 76 36
- Nord 3-5 år: 40 80 76 37
Årsplan og vedtekter:
Trykk her for årsplanen til Prestmarka barnehage.
Sjå bilde av barnehagen vår:
Private barnehagar
Læringsverkstedet avdeling Alversund barnehage
Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.
Barnas barnehage, Hundvin, naturbarnehage
Om barnehagen
Hundvin Naturbarnehage er ein privat barnehage som starta opp juli 2006. Den ligg på Bruvoll, tett ved riksveg 37, om lag 20 minutt frå Knarvik og 10 minutt frå Lindås.
Vi har ei engasjert foreldregruppe som gjennom FAU legg til rette for sosiale møtepunkt for foreldre og barn.
Vi har ei personalgruppe som ser ditt barn og me har som målsetting at alle skal få vera med og det meste kan gjennomførast ute.
Opningstider: 07.00 – 16.30 frå måndag til fredag.
Vi har om lag 32 plassar i alderen 1– 6 år.
Kontaktinformasjon
Hundvin Naturbarnehage
Hundvinsvegen 5
5956 Hundvin
E-post: post@hundvinnaturbarnehage.no
Telefon: 91 34 54 61
Instagram: hundvin_naturbarnehage
Trykk her for å gå til facebooksida til barnehagen.
I Hundvin Naturbarnehage veks det robuste barn på trær, på steinar og i sølepyttar. Dei har nokre gonger for korte gummistøvlar. Dei har nokre gonger skrubbsår. Men dei har alle gode opplevingar med å få bruka heile kroppen sin. Dei får uteaktivitet gjennom heile året! For barna er alt vèr noko dei kan bruka, undra og gleda seg over. Forutan inngjerda leikeplass med leikeapparat, har vi eit naturområde med grillhytte rett ved. Vi disponerer også etablerte uteområder; Leirplassen og Spindelvevskaret. Her er det sett opp lavvo, bålhus, gapahuk, scene, vedskjul, sekkeskur og utedo. Her har vi samlingar, måltid, kokar middag og ulike former for leik - både som er vald av barna og som vi tilbyr dei.
Vi har også mange flotte tur-moglegheiter, både på stiar, skogsvegar og trygge vegar med gangfelt. På tur stoppar vi gjerne i Krokodilleskogen. Her undrar vi oss, studerer, les ei bok, dramatiserer eit eventyr, lagar kunst eller berre ligg heilt i ro å nyt naturen.
Kom gjerne på besøk til oss for å sjå korleis vi har det!
Trykk her for å lese vedtektene til barnhagen.
Kløvheim naturbarnehage
Trykk her for å gå til facebooksida til barnehagen.
Trykk her for å sjå barnehagen sine vedtekter
E-post: postklovheim@klovheimnaturbarnehage.no
Blåklokka barnehage
Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.
Drømmehagen barnehage
Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.
Espira Marthahaugen barnehage
Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.
Trykk her for å lese vedtektene til barnehagen.
Hilland familiebarnehage «Smilehullet»
Trykk her for å lese meir om barnehagen.
Trykk her for å sjå vedtektene til barnehagen
Knarvik barnehage AS
Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.
Leiketun barnehage
Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.
Trykk her for å sjå barnehagevedtektene til Leiketun barnehage.
Leiknes FUS barnehage
Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.
Leirdalen barnehage
Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.
Trykk her for å sjå barnehagevedtekter for Leirdalen barnehage.
Lykkeliten barnehage
Trykk her for å lese meir om barnehagen.
Trykk her for å sjå barnehagevedtekter for Lykkeliten barnehage.
Læringsverkstedet Maurtua barnehage
Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.
Natås barnehage SA
Trykk her for å gå til facebooksida til barnehagen.
Trykk her for å sjå barnehagevedtekter for Natås barnehage
Ostereidet FUS barnehage
Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.
Seim barnehage AS
Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.
Solhaugen barnehage
Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.
Trykk her for å sjå barnehagevedtektene til Solhaugen barnehage.