HeimHelse, sosial og omsorgAktivitetstilbodDag- og aktivitetssenter til personar med demens

Dag- og aktivitetssenter til personar med demens

Her har vi dagtilbod

Alversund dagsenter

Er ope tre dagar i veka. Dette er eit tilbod for deg som har hukommelsessvikt, men er fysisk funksjonsfrisk. Mange av aktivitetane skjer ute.

Såtabu Dagsenter 

Er ope fem dagar i veka. Dette er eit tilbod for deg som både har funksjonstap og hukommelsessvikt.

Manger dagsenter 

Er ope fem dagar i veka. Dette er eit tilbod for deg som både har funksjonstap og hukommelsessvikt.

Frekhaug dagsenter

Er ope tre dagar i veka. Dette er eit tilbod for deg som både har funksjonstap og hukommelsessvikt.

Retningslinjer

Trykk her for retningslinjer for tildeling av plass på dag- og aktivitetssenter

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på eit av våre kontor for innbyggjarservice som du finn i 2. etasje i promenaden i Knarvik senter, i kommunehuset på Frekhaug eller i kommunehuset på Manger. Du kan òg sende dei til:

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Kva kostar det?

Tilbodet kostar 178 kroner per dag. Dette inkluderer to måltid og skyss.

Kva får du?

  • Du kan få plass ein til fem dagar i veka. Kor mange dagar du får tilbod om heng saman med kva du ønskjer og kva dagar det er ledig plass.
  • Du får tilbod om frukost, middag og kaffi
  • Du får aktivitets- og kulturtilbod
  • Du får tilbod om skyss

Krav til søkjar

  • Du bur heime
  • Du må ha bruk for, nytte og glede av sosial stimulering og aktivitet i fellesskap med andre
  • Du må kunne delta i gruppe
  • Du er fysisk mobil, eventuelt ved hjelp av forflytningshjelpemiddel
  • Du har ikkje behov for 1:1 bemanning
  • Du har ikkje vedvarande behov for skjerming for å ta i vare eigen integritet
  • Du kan ikkje nyttiggjere deg lågterskeltilbod for sosialt fellesskap og aktivitet, eller sosial arenaer i regi av frivillige

Les meir om kriteria for tildeling av dagplass i kommunen si retningslinje her.

Kontakt oss

Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Telefontid er mellom klokka 10.00 og 12.00

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 29.05.2020
Publisert: 21.01.2019