Fysioterapi
Tenesta er organisert i ein kommunal og ein privat del (avtalefysioterapeut).
Hovudregelen er at du oppsøker avtalefysioterapeut dersom du sjølv klarar det. Om du av helsemessige årsaker ikkje har moglegheit til det, kan kommunal fysioterapi vere aktuelt.
Kommunal fysioterapi
Slik søkjer du
- Søknadsskjema fysio- og ergoterapitenesta, vaksne
- Søknadsskjema fysio- og ergoterapitenesta, born og unge
Fyll ut skjema som passar for deg, og send det til:
- Fysio- og ergoterapitenesta i Alver kommune
Postboks 4
5906 Frekhaug - For spørsmål, send gjerne e-post, men unngå sensitive opplysningar
E-post: fysioergo@alver.kommune.no
Kva kostar det?
Barn under 16 år og personar som får behandling for godkjent yrkesskade, treng ikkje betale eigenandel hos fysioterapeut.
Alle andre betaler eigenandel for behandling og oppfølging hos fysioterapeut. Du betaler eigenandel fram til du når frikort for helestenester. Taket for frikort helsetenester er 3040 kroner i 2023.
- Trykk her for å lese meir om betalinga for fysioterapi på sidene til Helfo
- Trykk her for å gå til Norsk Fysioterapeutforbund sin prisoversikt for ulike typar behandlingar
Kva får du?
- undersøking og vurdering
- behandling og oppfølging
- gruppetrening
- råd og rettleiing
- bistand til å søke om tekniske hjelpemiddel på varig utlån frå NAV hjelpemiddelsentral. Har du behov for hjelpemiddel for ein kortare periode kan du låne dei gratis frå hjelpemiddellageret i kommunen. Trykk her for å lese meir om hjelpemiddellageret vårt.
- Fysioterapi for vaksne:
Du kan få oppfølging av kommunal fysioterapeut i eigen heim, som del av eit institusjonsopphald, eller i fysio- og ergoterapitenesta sine kommunale behandlingsstader på Frekhaug, Manger og i Knarvik. - Fysioterapi for barn og unge:
Barn og unge får oppfølging av fysioterapeut i barnehage, på skulen, i eigen heim eller i fysio- og ergoterapitenesta sine kommunale behandlingsstader på Frekhaug, Manger og i Knarvik.
Krav til søkjar
Tenesta er for alle med behov for fysioterapi som bur eller oppheld seg i kommunen. Du treng ikkje tilvising frå lege for å ta kontakt med fysioterapeut.
Kontakt oss
- Fysio- og ergoterapitenesta i Alver kommune
Postboks 4
5906 Frekhaug
E-post: fysioergo@alver.kommune.no
Trykk her for kontaktinformasjon til kommunale fysioterapeutar
Besøksadresser:
- Fysio- og ergoterapitenesta i Knarvik
Region Nordhordland Helsehus,
Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø
- Fysio- og ergoterapitenesta Frekhaug
Havnevegen 28, 5918 Frekhaug - Fysio- og ergoterapitenesta Manger
Helsehuset Manger
Radøyvegen 1621 A, 5936 Manger
Privat fysioterapi (avtalefysioterapeut)
Slik søkjer du
Ta direkte kontakt med fysioterapeut med driftsavtale, sjå oversikt over institutt under kontakt oss.
Kva kostar det?
Barn under 16 år og personar som får behandling for godkjent yrkesskade, treng ikkje betale eigenandel hos fysioterapeut.
Alle andre betaler eigenandel for behandling og oppfølging hos fysioterapeut. Du betaler eigenandel fram til du når frikort for helestenester. Taket for frikort helsetenester er 3040 kroner for 2023.
Vel du å gå til behandling hos ein fysioterapeut utan driftsavtale med kommunen, må du betale full pris.
Kva får du?
- undersøking og vurdering
- behandling og oppfølging
- gruppetrening
- råd og rettleiing
Krav til søkjar
Du treng ikkje tilvising frå lege for å ta kontakt med fysioterapeut.
Kontakt oss
Trykk her for kontaktinformasjon til avtalefysioterapeutar i Alver.