Nordhordland legevakt

Kontakt oss
  • Det er viktig at du ringer 116 117 før du kjem på legevakta
  • Ring fastlegen din i opningstida. Fastlegen er hovudkontakten din inn i helsevesenet. Du bør alltid ringe til fastlegen først, om det er mogleg.
  • Ring legevakta på 116 117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente. 
  • Ring 113 ved livstruande skade eller sjukdom
Opningstider

Legevakta er døgnopen. Du må ringe før du kjem. Ein sjukepleiar svarar på telefonen, og vil vurdere kor mykje det hastar for deg å få hjelp. Alle telefonsamtaler til Nordhordland legevakt blir lagra på lydlogg.

Besøksadresse

Region Nordhordland Helsehus, Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø

Kva kostar det?
  • Nordhordland legevakt krev betaling etter faste takstar. Om du betaler kontant eller med kort, unngår du faktureringsgebyr.
  • Prisliste heng på venterommet.
  • Ta med eventuelt frikort.
  • I nokre tilfelle kan du få refundert transportutgifter. Det kjem an på kor alvorleg tilstanden din er.
  • Telefonrådgiving med sjukepleiar er gratis.
Kva kan vi hjelpe deg med?

Nordhordland legevakt gir hjelp med helseproblem, som ikkje kan vente til vanleg kontortid. Her er nokre eksempel:

  • Smerter i brystet eller magen
  • Pustevanskar
  • Akutt sjukdom/skade eller alvorlig forverring
  • Nedsett allmenntilstand hos barn
  • Alvorlig psykisk sjukdom
  • Mistanke om komplikasjonar i svangerskap
  • Kuttskader som må syast

Legevakta er ikkje meint for deg som har ein vanlig forkjøling eller sjukdom over fleire dagar utan akutt forverring.

Om du må vente, er det fordi andre treng hjelp raskare

På Nordhordland legevakt hjelper vi alltid dei sjukaste først. Pågangen varierer, og legen kan også bli kalla ut til akutte hendingar. Derfor kan vi ikkje gje deg ein "fast" time. Om du må vente, er det fordi vi prioriterer andre som kanskje er i livsfare.


Sist oppdatert: 12.01.2023
Publisert: 29.06.2018