HeimHelse, sosial og omsorgMiljøretta helsevernFrisør, hudpleie, tatovering, holtaking

Frisør, hudpleie, tatovering, holtaking

Alle lokale kor det vert utført perforering/holtaking i hud skal vere godkjent. Dette gjeld all kosmetisk behandling som penetrerer huda.

Det er meldeplikt for alle lokale som nyttast til frisør- eller hudpleieverksemd. Du må melde frå til kommunen ved Miljøretta helsevern ved oppstart og ved vesentlege endringar.

Krav

Forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie, tatoverings og hulltakingsvirksomhet stiller krav om at tatoverings- og holtakingsverksemd berre skal føregå i godkjende lokale. 
Dette gjeld all kosmetisk behandling som penetrerer huda, også for eksempel frisørsalongar som tar hol i øyrene, og makeup-salongar som utførar permanent makeup, microblading eller microneedling.

Den som eig eller driv slik verksemd er ansvarleg for at verksemda vert driven på ein hygienisk tilfredsstillande måte for å hindre overføring av smittsame sjukdommar.

Tilsyn

Miljøretta helsevern fører tilsyn med verksemdene.

Kva kostar det?

Det er ei kommunal teneste og er gratis for kommunale og private aktørar.

Søknadsskjema for holtakingsverksemd

Søknadsskjema for frisør-, hudpleie-, tatoverings,- og holtakingsverksemd

Meldeskjema for frisør- og hudpleieverksemd

Frisør-, hud-, og fotpleieverksemder som ikkje tilbyr holtaking har meldeplikt til kommunen ved oppstart.

Meldeskjema for  frisør- og hudpleieverksemd

Kontakt

Kva seier lova?

Forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie, tatoverings og hulltakingsvirksomhet

Hovudsida Miljøretta helsevern

Trykk her for å komme til hovudsida til Miljøretta helsevern


Sist oppdatert: 16.09.2020
Publisert: 13.09.2019