Influensa

Det blir vaksinering for risikogrupper på gamle Alversund skule: 

  • Fredag 19. januar 2024

Du må bestille time i Helseboka til vaksinering.

Trykk her for å bestille time.

  • Dersom du ønsker det, kan du få influensavaksine og koronavaksine samtidig.
  • Du treng berre bestille ein time sjølv om du vil ha begge vaksinane. 
  • Koronavaksinen er gratis.
  • Influensavaksinen kostar 100 kroner. Du kan betale med bankkort og Vipps.

Bebuarar på sjukeheim og i omsorgsbustad med heildøgnsbemanning får tilbod om vaksinen der dei bur.

Kven bør ta influensavaksine? 

FHI anbefaler desse gruppene å ta influensavaksine: 

  • Alle frå 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i første trimester som har annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine.
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år.
  • Barn og vaksne med:
    • Diabetes type 1 og diabetes type 2
    • Kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
    • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • Nedsett immunforsvar
    • Svært alvorleg fedme (kroppsmasseindeks over 40)
    • Annan alvorleg eller kronisk sjukdom som legen din meiner kan gjere deg ekstra utsett ved influensa

FHI anbefaler i tillegg vaksine til desse gruppene:

  • Helsepersonell og andre tilsette med pasientkontakt
  • Personar som bur saman med (eller tilsvarande nære) immunsupprimerte pasientar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
  • Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl.

Trykk her for å lese meir om influensavaksinen på Folkehelseinstituttet sine sider.

Vaksinering hjå fastlegen din

Tilhøyrer du ei av risikogruppene kan du ta kontakt med fastlegen din viss du treng vaksine før neste massevaksinering som er 19. januar. 

Barn

Har du barn i alderen 0 til 5 år som er i ei av risikogruppene, kan du ringe 
56 37 59 19 for å avtale tidspunkt for vaksinering. Barn får vaksinen på helsestasjonen. 

Alle barn under 16 år må ha samtykke frå føresette.
Trykk her for samtykkeskjema.

Gravide

Gravide kan få influensavaksine hjå jordmor eller fastlege på allereie avtalte timar.

Vaksinering på apotek

Apoteka tilbyr influensavaksine både til deg som er i ei risikogruppe, og til deg som ikkje er det. 

Du kan bestille time sjølv på Helseboka: 

Koronavaksine

Ønskjer du oppfriskingsdose med koronavaksinen? 

Trykk her for meir informasjon


Sist oppdatert: 28.11.2023
Publisert: 08.03.2023