HjemKultur og aktivitetKulturpris og frivilligpris

Kulturpris og frivilligpris

Kulturprisen skal gå til einskildperson, lag eller organisasjon som har gjort ein særskilt innsats innan kultur, idrett/friluftsliv eller frivilligheit over lang tid, til beste for innbyggjarane i Alver kommune. 

Formålet med kulturprisen er å anerkjenne aktiv innsats innan kultur, idrett/friluftsliv eller frivilligheit over tid i kommunen eller bidrag til å gjere Alver kommune kjend innan dette feltet.

Frivilligprisen kan delast ut til einskildpersonar eller lag/organisasjonar som har gjort ein særskilt frivillig innsats og engasjement innan kultur, idrett/friluftsliv, humanitært- eller helserealtertarbeid, til beste for innbyggjarane i Alver kommune.


Formålet med prisen er å markere og synleggjere frivillige og frivillig innsats innan kultur, Idrett/friluftsliv, humanitært- eller helserelatert arbeid, og å fremje frivillig engasjement.

Frist for å senda inn forslag på kandidatar er 1. november for begge prisane. 

Forslag kan sendast på e-post til: post@alver.kommune.no, eller per post til:

  • Alver kommune,
    Postboks 4.
    5906 Frekhaug.

Hugs at du må spesifisere kva for pris du nominerer til.

 

Tidlegare vinnarar:


2022: Kulturprisen til Barbro Wiig Sulebakk og Frivilligprisen til Bjørn Terje Thomassen

2021: Kulturprisen til Elin Alver og Frivilligprisen til Audun Håland

2020: Kulturprisen til Haakon Aase og Frivilligprisen til Bjørn Jakob Bjørsvik/Geir Andre Bjørsvik/Stanley Hauge

 

Retningsliner for ordningane


Sist oppdatert: 31.10.2023
Publisert: 06.05.2022