Terrasse, veranda, balkong
Du treng ikkje sende byggesøknad dersom
- Terrassen/plattingen er lågare enn 0,5 meter over ferdig planert terreng. Slike terrassar og plattingar er ikkje omfatta av avstandskravet på 4 meter til nabogrensa.
- Verandaen er inntil 15 kvadratmeter, utan rom for varig opphald og plassert minst 4 meter frå nabogrensa.
- Bygningen blir oppført med tilstrekkeleg avstand frå offentleg veg:
- Til kommunal veg skal avstanden vere minst 15 meter.
- Til fylkesveg skal avstanden vere minst 50 meter.
- Eventuelt anna byggegrense som er vist i reguleringsplan.
- Gjeldande plan (kommuneplan/reguleringsplan) for eigedomen opnar for bygging.
- Det er 4 meter eller meir til nabogrensa eller innanfor regulert byggegrense der reguleringsplan har bestemt plassering.
- Tiltaket ikkje vert ført opp i strandsona.
Sjølv om du ikkje må søke, må du varsle oss når du er ferdig. Trykk her for informasjon om ferdigstilling.
Du kan sende byggesøknad på eiga hand dersom
- Terrassen/plattingen er under 50 kvadratmeter
- Verandaen er mellom 15-50 kvadratmeter og du skal føre han opp ved ein einebustad, tomannsbustad eller eit mindre rekkehus
Du må søke med hjelp frå fagfolk dersom
- Terrassen/plattingen er over 50 kvadratmeter
- Du skal byggje eller rive ein takterrasse
- Du skal byggje eller rive ein balkong
Sist oppdatert:
30.04.2020
Publisert:
05.10.2018