Elevforsikring

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for ulykkesforsikring for elevane. Forsikringa skal gi dekning for nødvendige utgifter til behandling og erstatning ved død eller varig medisinsk invaliditet.

Forsikringssummen ved varig medisinsk invaliditet er fem gonger grunnbeløpet i folketrygda (G) og ved død 1 G.

Målgruppe

  • Elevar i grunnskule og skulefritidsordning
  • Lærlingar og lærekandidatar

Forsikringa gjeld ikkje elevar under opplæring spesielt organisert for vaksne.

Kva dekkjer forsikringa?

Forsikringa gir eleven dekning for ulykkesskade som har skjedd:

  • på skulen i skuletida
  • på veg mellom heim og skule
  • under praktisk yrkesopplæring og opplæring i arbeidslivet og på veg mellom heim og arbeidsplass
  • under transport, skuleturar, idrettsdagar, leirskular og liknande som skulen er ansvarleg for
  • under Operasjon dagsverk og andre liknande elevaktivitetar, og mellom heim og den staden der aktiviteten skjer
  • i skulefritidsordninga

For elevar ved internatskular gjeld forsikringa heile døgnet i den tid elevane held seg på skulen, men ikkje i feriar og liknande fråvær.

Forsikringa har fleire unntak frå dekninga, til dømes når årsaka til skaden er:

  • forgifting ved mat, drikke eller nytingsmiddel
  • infeksjon eller stikk/bit av insekt
  • smitte gjennom bakteriar, virus eller anna smittekjelde
  • psykiske skadar
Slik melder du ifrå

Dersom det oppstår eit forsikringstilfelle, må du ta kontakt med skulen de soknar til. Dei vil fylle ut eit skadeskjema og sende til forsikringsselskapet. Du vil få kopi av dette skjemaet.

Kva seier lova?

Kommunen og fylkeskommunen pliktar å sørgje for ulykkesforsikring for elevane. Eleven har dei same rettane ved eit forsikringsoppgjer som andre forsikringstakarar. Sjå forsikringsavtalelova del B om personforsikring.


Sist oppdatert: 19.05.2020
Publisert: 21.01.2019