HeimVeg, vatn, avløp og bossVegAvkøyrsel frå kommunal veg

Avkøyrsel frå kommunal veg

Kva er søknadspliktig?

Skal du byggje, flytte eller endre ei avkøysel frå kommunal veg, må du søkje kommunen om løyve.

For regulerte område, der avkøyrsel er regulert i plankart eller vist med pil, er det avdeling for byggesak i kommunen som gjev løyve. Dette gjeld for både avkøyrsel til kommunal-, fylkes- og riks-/europaveg.

For uregulerte område, der avkøyrsel ikkje er vist i plankartet, er det avdeling for samferdsle, veg vatn og avlaup (SVVA) som gjev løyve. Dersom du skal auke bruken av ei avkøyrsel, til dømes ved å byggje fleire bueiningar må du og søkje. Ved slik endring er det avdeling for samferdsle, veg, vatn og avlaup (SVVA) som gjev løyve. Ved endring eller auka bruk, gjeld dei same krava som for ny avkøyrsel.

Merk at dersom avkøyrselen er ein del av ei byggesak, vert den behandla i byggesaka.

For fylkesveg, der avkøyrsel ikkje er vist i plankart eller med pil, blir søknaden behandla av Vestland Fylkeskommune. For riks-/europaveg, der avkøyrsel ikkje er vist i plankart eller med pil, blir søknaden behandla av Statens Vegvesen.

Før du søkjer

Trafikktryggleiken til alle brukarane av ein kommunal veg må vere tatt vare på. Du må utføre alle tilpassingar til kommunal veg og fortau på eigen grunn. Tilpassinga må ikkje gå utover teknisk standard og funksjon på vegen.

Vi gir løyve til avkøyrsel på vilkår om at denne blir opparbeidd i samsvar med tekniske krav som er fastsett av vegdirektoratet. Vi stiller mellom anna krav til utforming av avkøyringa, sikt, svingradius, drenering og at du skal kunne snu på eigen grunn.

I område utan reguleringsplan eller der avkøyringa ikkje visar i reguleringsplanen blir søknaden din handsama av vegavdelinga etter føresegnene i Veglova (§§ 40-43 og § 13) med aktuelle forskrifter. I område med reguleringsplan der avkøyringa visar på plankartet blir søknaden handsama av byggjesaksavdelinga.

Oversikt over planar finn du i Nordhordlandskart.

Lovverk og utforming:

Slik søkjer du

For å søkje om ny, eller utvida bruk av avkøyrsle, skal du bruke elektronisk skjema. Dette skjemaet finn du på vegvesen.no. I denne løysinga vil søknaden gå automatisk til rett instans, kommune for tiltak ved kommunal veg, fylket for fylkesveg og vegvesenet for riks-/europaveg.

Trykk her for å gå til vegvesen.no

Trykk her for å gå til «Din side» på vegvesen.no.

Følg flytskjemaet og fyll in data. Under «begrunnelse», skal du skildre tiltaket og laste opp:

  • Situasjonskart i målestokk 1:500. Teikninga må vise nærliggande bygg og avkøyrsel med breidde, svingradius, siktsone (frisikttrekant), parkering og snuareal.
  • Lengdeprofil av avkøyrsel i målestokk 1:500/1:100. Denne må vise fall og stigning inn mot kommunal veg.
  • Eventuell privat avtale mellom deg og grunneigar om etablering av siktsone på annan manns grunn. Ein slik avtale bør være tinglyst.

Om du ikkje kan nytte det elektroniske søknadsskjemaet, ta kontakt med kommunen.

Behandlingstid

Vi behandlar alle komplette søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss. Sender du ein søknad til byggjesaksavdelinga vår, gjeld eigne fristar.

Klage på vedtak

Dersom søknaden blir avslått, kan du klage på vedtaket. Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen skal sendast til kommunen, og må vere grunngjeven. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.

Dersom søknaden er behandla etter plan- og bygningslova, kan du klage til Fylkesmannen. Klagen skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom saka er behandla etter veglova, er det kommunen si eiga klagenemnd som er klageinstans. Før klageinstansen behandlar saka, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, går saka vidare til klageinstansen.


Sist oppdatert: 04.06.2020
Publisert: 21.01.2019