Fastlege

Fastlegeordninga

Alle som har folkeregistrert adresse i Norge har rett til ein fastlege. Du kan velje fastlege dersom legen har ledig plass på lista si.

Sjå helsenorge.no for informasjon om fastlegeordninga.

Slik blir årets influensavaksinering

Alle som er i dei prioriterte gruppene kan ta kontakt med fastlegekontoret sitt for å avtale tidspunkt for vaksinasjon. Alle som ikkje er i ei prioritert gruppe må vente til 1. desember.

Trykk her for å sjå korleis du bestiller influensavaksine på ditt legekontor

På grunn av smittevernomsyn ber vi om at ingen møter opp på legekontora utan avtale. 

Trykk her for meir informasjon om dei prioriterte gruppene.

Kontakt oss

Kontaktinformasjon

LegekontorAdresseHeimesideTelefon
Helsetunet legekontor Kvassnesvegen 48  Gå til side 56 37 59 60
Knarvik allmennpraksis Kvassnesvegen 48 Gå til side 56 35 75 80
Knarvik legekontor Kvassnesvegen 48 Gå til side 56 35 78 78
Lindås legekontor Kolåsvegen 5 Gå til side  56 34 35 80
Ostereidet legekontor Ostereidet senter Gå til side  56 35 40 39
Frekhaug legesenter Havnevegen 41B Gå til side

56 17 11 10

Akuttnummer:
56 17 11 13

Helsenaustet legepraksis Havnevegen 3  Gå til info

56 17 12 90

Radøy legesenter Radøyvegen 1621B Gå til side 56 34 90 90

Kva kostar det?

Du betalar vanlegvis eigendel.

Du må sjølv betale utgifter som ikkje er godkjent som eigendel. Slike utgifter tel ikkje med i opptening til frikort eigendelstak 1.

Finne og byte fastlege

Trykk her for å gå til helfo sine sider der du kan finne og byte fastlege

Du kan velje mellom legar som har ledig plass på lista si. Du kan også stå på venteliste til den fastlegen du ønskjer deg.

Dersom du ikkje ønskjer å hjelpe deg sjølv på nettsida til helfo, kan du ringe dei på telefon 800 43 573. Ha fødselsnummeret ditt (11 siffer) klart før du ringjer.

Dei fortel deg om tilgjengelege fastlegar og set deg på lista til den fastlegen du ønskjer deg. Byttet gjeld frå den første dagen i månaden etter at du gjorde endringa. Du får eit brev som stadfester at du har fått ny fastlege.

Meir om fastlegeordninga

Alle som bur i Noreg har rett til å vere knytt til ein namngjeven, allmennpraktiserande lege.

Fastlegen er ein allmennpraktiserande lege som har inngått avtale med kommunen om å ta del i fastlegeordninga. Fastlegen skal vere tilgjengeleg for pasientane sine og prioritere desse framfor personar som ikkje står på lista til legen.

  • Du kan sjølv velje kva for ein lege du vil ha som fastlege, men legen må ha ledig kapasitet og vere med i fastlegeordninga.
  • Du kan velje ein fastlege i ein annan kommune enn den du bur i.
  • Du kan også fritt velje ein lege som ikkje er med i fastlegeordninga, men då betaler du ein høgare eigendel.
  • Dersom du har foreldreansvar for barn under 16 år, vel du også fastlege for barnet ditt.
  • Når du er på sjukeheim, har du krav på å behalde fastlegen din, men du må bruke sjukeheimslegen så lenge du bur der.
  • Du kan skifte fastlege inntil to gonger kvart kalenderår.

Dersom du flyttar frå ein kommune til ein annan, må du melde flytting til Folkeregisteret. Då får du eit brev frå NAV/Helfo om kva fastlegar som har ledig plass i kommunen. Du kan velje ein av dei, eller halde fram hos den fastlegen du allereie har.


Sist oppdatert: 26.10.2020
Publisert: 26.10.2020